Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

 

Reklame

 

 

Festivalsommer

Ridduriddu 2010

 

 

 

Etter å ha vore på nær alle dei 19 festivalane i Manndalen og skikkeleg versjuk etter ein elendig sommar så langt, var det, trass i drittver  torsdagen,  ingen tvil - her var det berre å kome seg oppover til Nord-Troms og på festival. Med både Mari Boine og ikkje minst Tinariwen på programmet var det ingen tvil. Om så det hagla småspikar skulle eg på Riddu.   

Og etter dagar med regn og vind kom fredagen med opphald og etterkvert sol.

”Vi var drittnervøse på fredagen,” seier festivalsjefen Ragnhild Dahlheim Eriksen søndagen etter at festivalen var over, ”Men med godveret strøymte det til med folk ut på kvelden og ikkje minst laurdagen og med over 3000 solgte billettar blei festivalen også økonomisk ein suksess.”


”Kvalitativt er dette ein av dei beste programma vi har hatt.”

Og det omfattande programmet med barne- og ungdomsprogram, teater, film, litteratur, seminara i tillegg til eit spanande konsert-program var imponerande – sjølvsagt så tett-pakka at det både var umogleg å få med seg alt eller få plass på dei arrangementa som gjekk føre seg innadørs.

I tillegg er Riddu Riddu ein møteplass kor diskusjonar og kreativ aktivitet går føre seg både dag og natt mellom folk frå alle verds-delar.  Og med godt ver blei det ei heftig og herleg festivalhelg.

 

             TINARIWEN

Etter over 5 års jobbing makta Riddu Riddu endeleg å kapre  `ørken-blues`-bandet til å kome til Manndalen. Dette bandet som dei siste åra har hatt verdssuksess var nok ikkje heilt klår over kva dei kom til.

”Dei trudde det var ein liten utkantfestival med mykje pengar som tok sjansen på å engasjere dei, men blei både overraska og kjempeglad då dei oppdaga kva dei var med på,” seier festivalsjefen.

Deira folk, tuaregane, er liksom samane spreidd over fleire land og kjemper sin eigen kamp.              

På 1960-talet starta dei  væpna kamp for å forsvare seg mot overgrep og undertrykking .                     då faren hans blei henretta og han hamna i flyktningleir  i Libya. Der starta bandet  som etterkvert har blitt ein verdssuksess.                                  I dag er Tinariwen ei viktig kulturell kraft for deira folk og ikkje minst for å gjere verda merksam på deira situasjon. Og som dei  sa på pressekonferansen –dei  tar med seg inspirasjonen frå Riddu heim – møtet med samar og andre urfolk som samlast på ein sånn festival.

Og konserten fredag kveld blei ei heftig oppleving med om lag 1000 publikummarar, elektrisk med mektig komp og ein leiken bassist som fekk folk med seg både på rytmeklapp og dansing.

 

 


 

            MARI BOINE 

             

         

 

I fjor blei Mari Boine sjuk og vi glipp av det som kunne blitt eit magisk samspel  mellom ho og Buffy Saint Marie. (No fekk vi då ei  vidurderleg oppleving av Buffy i storform i lag med 3000 andre i høljregn.)

I år kom Mari Boine frå ein turne som mellom anna var innom San Sebastian i Baskerland med eit folk som  ”liksom oss slåss for sine rettar,” som ho sa på pressekonferansen før konserten.  ”Ei sterk oppleving som også gjorde at eg nesten fekk helsa på ei av mine inspirasjonskjelder – Patti Smith – som spelte like før meg.”  

Med godveret laurdagen fekk om lag  2000 eit sprudlande Mari Boine-show med skikkeleg trøkk. Hennar gjesteartistar frå Zanzibar bidrog som ekstra krydder, men var diverre i delar av låtane for lågt lydmessig. Gledeleg også med Roger Ludvigsen tilbake i bandet . i storform på gitaren.

            Over for Mari Boine som kulturpolitisk frontfigur?

På pressekonferansen kunngjorde ho at ho følte ho hadde gjort sitt – at no ville ho prioritere andre ting. Først ut er ei engelskspråkleg plate. Opera er også ein ide ho tenker på, men førebels berre som ein strøtanke – ”har jo hatt to konsertar i Operaen i Oslo – det er jo ein slags start,” sa ho leande då pressefolka ville ha meir konkrete svar frå ho.

”Dei må jo byrja bli lei meg,” spøkte ho då vi ville ha utbrodert seriøsiteta  i  ”abdikasjonen”.  Trass i at det er ei oppblomstring av samiske artistar og kulturaktørar, så kan eg ikkje sjå nokon  ”arvtakarar”  som med tyngde kan spele den rolla Mari Boine har gjort. For den samiske sjølvkjensla vil det vere ei ulukke om Mari Boine sin  ”abdikasjon”  blir total. Trass i at mykje positivt har skjedd i den norske samepolitikken, viser den heftige Finnmark-diskusjonen og sentrale politikarar si handsaming av  ”Smith-utvalet” (om sjøsamiske rettar) og det nye Samerettsutvalet (og framlegget om  `Hålogaland-allmenningen` ) , at vi er inne i ein nedtur samepolitisk her til lands. Og trass i satsing på språkopplæring, er samisk språk på retur i  den vidaregåande skulen .

På spørsmål frå meg etter festivalen seier Mari Boine;  ”Det er slett ikke snakk om en abdikasjon, men en liten svingom innom et anna språk...det må vel gå an å synge på flere språk samtidig...og vi har mange dyktige unge som også lager fantastiske låter og joiker på samisk.”

Og det har ho rett i. Vi får berre ønske ho lukke til.

 

 

 

 

 

Tekst av:   Jon Arne Jørstad

Bilde:      Jon Arne Jørstad